Avsluttinga av eit kapittel

I slutten av januar 2014 reiste eg til Mongolia. Eg var spent, gleda meg, såg ikkje fram til å forlate alle vennane og familien min, men gleda meg til å bli kjent med nye. Det vart utrulig spennande å lære å bli kjent med nytt land, språk og kultur! I Ulaanbaatar vart eg tatt godt imot i kyrkja, fekk gode vennar av både mongolske og vestlege, vi norske var med i ei god bibelgruppe, eg vart kjent med ein artig gjeng mongolske kollegaer på kontoret, og eg kosa meg med å lære mongolsk. Trass mange utfordringar, var det veldig mykje positivt eg fekk ta del i.

I september flytta eg til Khovd. Det er ein liten by i Vest-Mongolia med avslappa stemning. Her var tempoet rolig, det var kort veg til å nyte naturen ved t.d. elva eller fjellet, og på mange måtar ein by som passar ei bygdejente mykje betre enn storbyen UB. Eg fekk på nytt nokre venninner, det var ein fin gjeng norske også her, språklæring er alltid spennande… Khovd er ein trivelig by!

Eg har i løpet av året fått vere med på Tsagaan Sar (mongolsk nyttår), Naadam (sommarfestival, med fokus på dei mongolske nasjonalidrettane bryting, pil og boge og hesteriding), namnefest for ein baby, hårklippefest for ein treåring, fått deel (mongolsk tradisjonell drakt) i gåve, blitt ganske glad i mjølkete med feitt og salt, klarer å drikke nokre supar gjæra hestemjølk, veit kva eg skal gjere når eg får ei flaske luktesnus i hendene, kan småprate på mongolsk, har vore på ørnefestival og sett kasakk-jegarar i aksjon med ørnene sine, syns kasakkane sine broderte veggtepper er nydelege, har sove i ger fleire gongar, er veldig glad i orom med sukker på (osten når ost og myse skiller seg), eg har fått reist litt i både sentral-Mongolia, vest og aust, eg har fått møte vennlege og gjestfrie mongolar i fleng, eg har sett levande mongolske kyrkjer, der folk verkelig er glade i både Jesus og naboane sine, og det er ingen tvil om at eg har blitt glad i både land, folk og kultur.

Det var derfor både vanskelig og veldig trist å måtte innsjå at nokre av utfordringane var blitt for store for no, og det beste og mest fornuftige ville vere å avslutte perioda mi etter eit innhaldsrikt år i eit flott og røft land. Kanskje opnar det seg nye muligheiter seinare for at eg igjen kan flytte tilbake, men for no har eg omsider slått meg til ro med tanken på at framover er det igjen Sunnmøre, og ikkje Vest-Mongolia, som skal vere min heim. Tusen takk til alle de som har bedt, og fortsatt ber, for meg! Det sett eg uendelig stor pris på. No er eg altså sunnmøring igjen, og eg er tilbake i eit trygt nettverk og med all mulig god oppfølging. Takk til alle de som har følgt meg i Mongolia. Og får de nokon gong muligheita, så er det eit utrulig flott land å besøke!DSC_0072

Flytting og namnefest / Moving and naming ceremony

No har eg flytta til Khovd! Flytting er spennande, slitsomt, kjekt, trist og mykje anna. Eg flytta frå ein by med 1,3 millionar innbyggarar, konstant trafikkork og tuting, travle menneske og butikkar der du kan få tak i alt du ønsker, om du berre veit kvar du skal leite. Og eg DSC_0175flytta til ein by med 30.000 innbyggarar, få bilar og stort sett rolege sjåførar, kyr som beitar gatelangs og vennlege folk med god tid. Eg flytta frå ei kyrkje og ein arbeidsplass der eg kjente alle, og til ei ny kyrkje og nytt kontor der eg kjenner temmeleg få. Eg flytta frå læraren min, som eg har stortrivast med, og til ein ny lærar som heldigvis også ser ut til å vere kjekk. Ikkje minst flytta eg frå alle dei gode vennane mine eg har fått gjennom tida i Ulaanbaatar… Der er nokre som blir sårt sakna, og eg er utruleg takknemleg for alle meldingar og telefonar eg har fått frå dei sjølv etter eg flytta.

I have moved to Khovd! Moving is exciting, exhausting, fun, sad and so on. I moved from a city with a population of 1.3 million, constantly traffic jam and honking, busy people and shops where you can get anything you want if you just know where to look for it. And I moved to a city with a population of 30,000, few cars and mostly slow drivers, cows grazing along the streets, and friendly people with time for a talk. I moved from a church and a workplace where I knew everyone, and to a new church and office where I know quite few of them. I moved away from my teacher, whom I have truly enjoyed spending time with, to a new teacher who luckily also seems to be great. And not the least; I moved away from all the good friends I’ve gotten during my time in Ulaanbaatar… I will truly miss some of them, and I am so thankful for the messages and phone-calls I’ve gotten even after moving.

DSC_0182DSC_0187

Eg har endå budd under to veker i Khovd, og sidan eg har vore her eit par gonger før så visste eg stort sett kva eg gjekk til. Likevel har eg rukke å hamne oppi uventa og kjekke situasjonar her. Etter nokre dagar vart eg nemleg invitert på namnefest til ein baby i ei kasakkfamilie i nærheita! Eg hadde møtt mora eit par gonger før, og ho er rundt min alder. Då ho inviterte meg med (på mongolsk), må eg ærleg innrømme eg ikkje heilt forstod kva eg var blitt invitert til. Men eg forstod det hadde noko med kasakktradisjonar og eine guten hennar å gjere. Sidan det var kl 12, og skulen vart nemnt inni der, drog eg konklusjonen at det sikkert skulle vere ei oppvisning på skulen til eine guten hennar. Det var feil. Men eg fekk iallfall med meg noko, og heldigvis kunne ho prate med nokon andre her seinare så dei kunne fortelje meg det eg ikkje forstod.

I still haven’t lived in Khovd for two weeks yet, and since I’ve been here a couple times before I pretty much knew what to expect. Still I’ve had time to stumble into unexpected and exciting situations here. After a few days I happened to be invited to a naming ceremony for a baby in a Kazakh family nearby! I had met the mother a couple of times before, and she’s about my age. I honestly got to admit that I didn’t really understand everything when she invited me (in Mongolian). I did understand it had to do with Kazakh traditions and one of her boys. Since it was at 12 am and the school was mentioned, I drew the conclusion it was probably a show at one of her boys’ school. Well, that was wrong. But I did understand something, and thankfully she talked with some others later so they could tell me the parts I didn’t understand.

Slik hamna eg altså på ein namnefest i forrige veke. Broren hennar prata godt engelsk, og han kom til kontoret og henta meg. Saman gikk vi til heimen hennar, som var ein ger ikkje så lang spasertur frå her eg sjølv bur. Inne i geren var storfamilien på både hennar og mannen si side samla. Eg vart tatt godt imot, fekk ein stol å sitje på og ei skål te i handa. Heldigvis hadde eg blitt litt instruert gjennom ein telefonsamtale på forhånd, så eg visste i det minste at det var forventa eg skulle drikke minst to koppar te. No var eg nemleg tilbake til utgangspunktet då eg kom til Mongolia: Eg forstod nok ein gong ingenting av språket, og sat berre og lytta og observerte utan å skjøne stort, og alle tradisjonar og skikkar var ukjente for meg. Når eg besøker ein mongolsk ger har eg no i det minste ein viss peiling på korleis eg skal oppføre meg og kva eg har i vente, men her var eg nok ein gong på bar bakke. Heldigvis kunne eg spørje mora til mine to nye vennar til råds når eg ikkje forstod kva eg skulle gjere med det eg fekk i hendene, og ho forklarte meg på flytande mongolsk. Broren sette seg også bort når han hadde mulegheit, og forklarte meg både skikkar og kva som føregikk, og oversatte når det var noko viktig som blei sagt. Det hjalp utruleg mykje!

And that’s how I ended up in a naming ceremony last week. Her brother knows very well English, and he came to our office to pick me up. We walked over to her home together, which is a ger not far from where I’m living. Both her and her husband’s family were gathered inside the ger. They welcomed me, gave me a chair to sit on and a cup of tea. Luckily I had made a phone call beforehand so I knew I was expected to drink at least two cups of tea. This felt like being back to where I started when I first came to Mongolia: Once again I didn’t understand anything of the language, and I was just sitting there listening and observing without understandig much at all, and all traditions were unfamiliar to me. By now at least I know somehow what to expect and how to behave when visiting a Mongolian ger, but in here I was once again lost. I’m glad I could ask questions to my two new friends’ mother when I didn’t know what to do with whatever I had gotten in my hands, and she explained to me in Mongolian. The brother also came to sit by me whenever he had the opportunity to, and he explained traditions and what was going on, as well as translated important things that were said. It helped me a lot!

Då eg først kom inn, sat alle damer til høgre rundt eit bord, og alle mannfolk sat rundt eit par bord til venstre i geren. Dei små borda var smekkfulle av ymse mjølkegodteri/-produkt, kjeks og anna snacks, – sjølvsagt i tillegg til teskåler. Der sat dei og skravla og smååt. Mora til barnet var heile tida fullt opptatt med å servere og lage til, så ho var berre inne i geren når ho kom inn med noko nytt etande. Etter ei stund var det tid for namneseremoni. Då var det den eldste i selskapet som hadde i oppdrag å gi namn til barnet. Det var ein gamal mann på venstresida. Han reiste seg opp, fekk den godt innpakka babyen i armane, og spurde foreldra om kva namn dei ville gi han. Så skulle han kviskre namnet tre gonger i kvar øyre på babyen. Då det var gjort, hadde babyen fått namn. Så var det tid for kjøt. Før servering gikk ein person rundt med tekanne med vatn og eit vaskefat, så alle fekk vaska hendene sine. Så kom det fat på borda med kokt sauekjøt og innvollar. Det trur eg er det beste kokte sauekjøtet eg har smakt her i Mongolia! Etter å ha ete ei stund fekk alle ei skål med krafta det var kokt i, som var suppe vi skulle drikke. Så var det ei ny runde med te. For min del 2 1/2 + 1/2 skål med te seinare, samt ei skål med suppe, var seremonien ferdig. På veg ut fekk alle vaske hendene på nytt, og med ein pakke kjeks i handa var det berre å vandre heimover igjen.

When I first entered, all the women sat by a table at the right side, and all the men sat by a couple of tables at the left side of the ger. The small tables where filled with milk products and sweets, biscuits and other kinds of snacks, – and of course also teacups. They all sat there chatting and snacking. The baby’s mother was busy preparing and serving, and would only enter the ger when adding more food to the tables. After a while it was time for the naming ceremony. It was the oldest person’s honor to give the name. He was an old man on the left side. He stood up, got the wrapped in baby in his arms and asked his parents what they wanted to name him. Then he was to whisper the name of the baby three times into each ear. After this the baby had gotten his name. Then it was time for meat. Before eating a person came with a can of water to let us all wash our hands.  They then served trays with sheep meat and innards on the tables. I think that’s the best boiled sheep meat I’ve had in Mongolia! After eating for a while we all got a bowl with the water the meat was boiled in, as a soup to drink. And then it was a new round of tea. After, in my case, drinking 2 1/2 + 1/2 cups of tea and a bowl of soup, the ceremony was over. On our way out we all got to wash our hands again, and with a pack of cookies in our hands we could all leave for home.

Livet i Vest-Mongolia byr på nye erfaringar. Det er veldig inspirerande å sjå kor dei tek imot ein utlending som meg med opne armar og ser det som ei ære, sjølv om eg sit der ganske så passiv og ikkje skjønar så mykje av kva som føregår. Og for meg var det veldig kjekt å få lov til å vere med på dette, og ta del i ei familiesamling, lære nye tradisjonar, og føle meg velkommen!

Life in Western Mongolia offers new experiences. It is very inspiring to see how they welcome a foreigner like me with open arms and reckon it as an honor, even though I passively sit there, not understanding a whole lot of what is going on. And I am very thankful they let me attend this, take part in a family ceremony, learn new traditions and feel welcomed!

Nyheitsbrev til Nordre

No er det forferdeleg lenge sidan sist blogginnlegg, og det er berre å beklage. Mykje har skjedd sidan sist, men som ei oppdatering undervegs, postar eg her nyheitsbrevet eg sende til lokalavisa Nordre mot slutten av juli. Mange har nok lest det der, men om ikkje så kan det iallfall gi eit visst innblikk i både kvardagslivet og kva som gikk føre seg i sommar:

DSC_0096Etter å ha budd i Mongolia i ganske nøyaktig eit halvår, er det på tide med eit nyheitsbrev heim. I skrivande stund har eg meg nokre feriedagar i Khovd, ein by i Vest-Mongolia med rundt 30.000 innbyggjarar. Her er livet roleg. I gatene er det få bilar, og alle køyrer sakte og forsiktig. Kyrne ruslar fredfulle rundt, og om du gløymer å late att porten kan du plutseleg få besøk inne i hagen, som naboen fekk tidlegare i dag. Folk er avslappa, og tek seg gjerne tid til å svare om du har spørsmål. Den største daglegvarebutikken har eit variabelt utval av varer, og akkurat no hadde dei inne både bacon og dansk skinke på boks. I går var eg innom eit par marked, og om du berre veit kvar du skal leite kan du få tak i det mest utrulege. Slyngstad-jente som eg er, må eg innrømme eg ser fram til å flytte hit i september. Kontrastane er temmeleg store til hovudstaden Ulaanbaatar, der eg bur no. Til trass for at eg trivast, er det nokre sider av kvardagslivet der eg neppe kjem til å sakne; stadige trafikkorkar, bilar som fløyter, folk som har nok med seg sjølv (slik det fort blir i ein storby), voldsom luftforureining og eit innbyggjartal på rundt 1,3 millionar. Det er faktisk nesten halvparten av Mongolia si befolkning!

DSC_0009Eg flytta til Mongolia i slutten av januar. Som langtidsutsending for Norsk Luthersk Misjonssamband er det vanleg å bruke første året til språkopplæring. For å få ein god lærar vart altså første destinasjon verdas kaldaste hovudstad. Då eg kom låg temperaturen stort sett på -30 grader. Der det ikkje var snø var alt berre brunt, og det var knappast teikn til vegetasjon. Sjølv bartrea var utan nåler. Eg trudde aldri det skulle bli grønt i dette landet. Heldigvis tok eg feil. No er det sommar, slettene og fjella rundt Ulaanbaatar er grønkledde, og temperaturen har omsider blitt seksti grader varmare enn den var i vinter.

Mongolia er eit fascinerande land. Ein gong var det mongolske riket verdas største, og Djengis Khaan, som grunnla det, er framleis den store helten. Flyplass, restaurantar, hotell, sprit og det meste anna finst med namn oppkalla etter Djengis, og det blir stadig fleire av dei. Lister landet toppar er i kategorien verdas kaldaste hovudstad, som allereie nemnt, og landet med lavast folketettleik i verda. Av dei som ikkje bur i by, er nomadelivet fortsatt viktigaste leveveg. Sauer, geiter, hestar og kyr er dei mest vanlege husdyra, og mange har også nokre kamelar. For ikkje å gløyme alle vakthundane. I matvegen går det mykje i kjøt og ulike mjølkeprodukt. Etter å ha vore i nært samarbeid med Sovjetunionen er ein del no ateistar, men mange har gått tilbake til buddhismen, som er hovudreligionen i landet. Den tradisjonelle sjamanismen blir også meir og meir populær, og på dei fleste fjelltoppar er det ein steinhaug, ovoo, ein kan ofre til. Dette fører også til at populære fjelltoppar ikkje har frisk fjelluft på toppen, som vi er vant med, men i staden ei distinkt lukt av sur mjølk. Då Sovjetunionen gikk i oppløysing, visste ein om fire kristne i landet. No er det ein stad mellom 50.000 – 100.000.

DSC_0155Noko av det kjekkaste eg har vore med på etter eg kom til Mongolia, er å besøke familiar på landet. Mongolar bur tradisjonelt i ger, ein form for kvite, runde telt. Eg nemnde at folk i Ulaanbaatar er blitt byfolk. Folket på landet er det ikkje, og dei er svært gjestfrie og vennlege. Om du stoppar ved ein ger for å spørje om vegen, kan det godt vere du blir invitert inn for å drikke mjølkete med salt og smør i før dei hjelper deg vidare. Inne i ein ger er det mange reglar for ein utlending som ikkje er oppvaksen med slikt. Eg må hugse å ikkje trakke på dørstokken, og helst gå over med høgre foten først. Gjestar skal gå til venstre når vi kjem inn, og halde oss på den sida. Damesida er høgre side av geren, så eg har vanlegvis også lov å gå dit. Den inste delen er den mest heilage og skal visast respekt, og heidersplassen er den øvste plassen der og bør reserverast til mannen i hushaldet. Når ein legg seg skal føtene peike mot døra, og døra på ein mongolsk ger skal alltid vere vendt sørover. Det var nokre av reglane, og eg har allereie brote både mange av desse og fleire andre. Heldigvis har dei tolmod med oss uvitande utlendingane.

DSC_0008No i juli er det tid for ei av Mongolia sine to store høgtider, nemleg Naadam. Under Naadam skal dei tre tradisjonelle herreidrettane feirast; hesteriding, bogeskyting og bryting. Eg var heldig å nettopp ha besøk av tre vennar frå Sunnmøre, og vi fekk med oss ei storslått opning av Naadam-feiringa i Ulaanbaatar, med stor parade, tradisjonell dans og musikk, mykje folk, mongolske flagg og eting av khuushuur [håsjår] (mongolsk sommarmat). Om nokre dagar er det Naadam her i Khovd, og i går fekk eg vere med når vi skulle sette opp to gerar ved elva. Alle organisasjonar er nemleg pålagde å sette opp nokre gerar kvar til alle gjestane som er venta hit til feiringa.

Då eg hadde norgesbesøk var vi og på ein tur ut på landet og overnatta i ger hos nokre nomadefamiliar. Denne reisa var vel og merke ordna gjennom eit selskap. Dette var i høgste grad god språkpraksis for meg! Eg studerer språk kvar dag, og kan med rette seie at mongolsk ikkje er lett. Det var likevel kjekt å oppleve at eg no kan nok til å kommunisDSC_0109ere litt. I eine familien vi kom til var mora i huset rundt min alder. Ho var så glad for endeleg å få nokon utanlandsgjestar på besøk som kunne litt mongolsk, og fortalde kor vanskeleg det var når alle andre gjestar kom utan å kunne seie noko. Det heile enda med at ho gav meg ein vakker deel, tradisjonell drakt, som ho hadde sydd sjølv. Gåver er vanleg i Mongolia, men slett ikkje ei så fin gåve! Den skal eg bruke med stor glede og takksemd når høvet byr seg. Denne gåva vart eit godt bevis for meg på kor viktig det er å lære seg språket til dei ein bur blant, og er ein god motivasjonsfaktor til sommarferien snart er over og nye dagar med språkstudie står for døra.

DSC_0072Om du no skulle ha lyst å kome på besøk, ønsker eg med glede velkomen til Mongolia. Men ikkje tru du har opplevd landet ved å berre sjå hovudstaden. Kom deg ut på landet, opplev eit gjestfritt folk, nomadeliv, hesteriding (og kamelriding, om du er heldig), mjølkeprodukt som ikkje alltid fell i smak i norske ganar, men som vi høfleg et likevel og etterkvart lærer oss til å iallfall syns er greitt. Eit land som på mange måtar er på veg oppover, men som også har forbetringspotensial på mange plan. Eit stort land med både ørken, steppe, skog og fjellandskap, alt etter kva retning du reiser. Eit land med ein kultur som på mange vis er annleis enn vår norske, men som trass frustrasjonar kryp under huda på deg, heilt til du ein morgon tek deg sjølv i å ligge i ein ger og tenke på kor glad du allereie har rukke å bli i dette landet og folket som bur i det.

Stepper og ulvesafari (Steppes and wolf safari)

I starten av juni, under 10 timar etter vi returnerte frå turen til Vest-Mongolia, gikk turen vidare på ny tur til Aust-Mongolia. Denne gongen var alle vi tre i UB med helseprosjektet på tur. Sidan vi ikkje hadde vore i området før, reiste vi saman med ei av dei mongolske ein dag før dei andre. Turen begynte på asfalt, og gikk etter ei stund over til jordveg. Litt vanskelegare vart det når vi skulle finne geren til ein viltvaktar i Khentii. Jordvegane her er jo ikkje akkurat skilta, sjølv om ein del av dei er hovudvegar, og når vi skulle vekk frå hovudvegane vart det iallfall ikkje lettare. Då var det veldig godt å ha med Ama, som enkelt kunne spør om vegen i gerar vi køyrde forbi. Ofte var svara noko i den duren her: “Køyr i den retninga i 20 km. Då køyrer de forbi ein brønn, og i nærheita er der ein ger. Spør dei som bur der om vegen vidare.” I ein ger vart vi invitert inn på mjølkete før dei fortalde oss vegen vidare, og då vi var klare til å køyre vidare bestemte dei seg for å køyre framfor oss på moped i nokre kilometer, berre for å vere sikre på at vi fann rette vegen i starten. Når ein berre kjem seg vekk frå storbyen er folk utruleg snille og hjelpsomme! Så etter langt om lenge, og mange gerar seinare, kom vi fram til viltvaktaren vår.

In the beginning of June, less than 10 hours after we returned from our trip to Western Mongolia, we continued on a new trip to Eastern Mongolia. This time all of us three expats in UB joined the health project for a trip. Since we hadn’t been in the area before, the three of us and a Mongolian left one day early. The trip started off on paved roads, and continued after a while on dirtroads. It got a little harder when we were going to find a ranger’s ger in Khentii. Even though the dirtroads here are actually main roads, there are of course no signs, and it did not get any easier when we were going to drive off the mainroads. Luckily we had Ama, who could easily ask for directions from the gers we passed. The answers were often like this: “Drive in that direction for 20 km. You will then pass a well, and nearby there’s a ger. Ask the family living there for new directions.” In one ger they invited us in for milk tea before they told us any further directions, and they even drove in front of us on their moped for some kilometers, just to make sure we started off on the correct road. When you just get out of the big city people are really friendly and helpful! After a long time, and many gers later, we finally found our ranger.Image     Image

Viltvaktaren var ein herleg type i 40-åra, som budde i ein ger saman med kona si. Han var sosial, prata og viste oss rundt. Ho var av den stille typen, men veldig koseleg og laga nydeleg mat. Vi vart vist rundt i naturreservatet der han var viltvaktar medan kona laga mat. Då vi skulle sove fekk eg og Ama dele ei seng. Ekteparet delte den andre senga i geren. Og mellom oss låg David og Lars-Petter på golvet. Eg må innrømme eg etterkvart hadde bestemt meg for å dele 90 cm seng med Ama i staden for å ligge på golvet. Det er massevis av insekt i ein ger på sommaren! Vakna av at det svei nokre plassar på låret, og tenkte at om eit insekt har komt seg ned i soveposen min og bitt meg/pissa på meg, så er sjansen svært stor for at det fortsatt er der… Var ikkje så mykje eg sov før vi skulle opp kl 3.

The ranger was a great guy in his 40’s, who was living in a ger with his wife. He was social, talked a lot and showed us around. She was the silent kind, but very nice and made delicious food. We got to see the nature reserve where he’s a ranger while his wife cooked for us. When we were going to sleep, Ama and I shared a bed. The married couple shared the other bed in the ger. David and Lars-Petter slept on the floor between the beds. I’ve got to admit I was happy after all that I had finally decided to share a 90 cm bed with Ama instead of sleeping on the floor. There are lots and lots of insects in a ger in the summer! I woke up by feeling the stings of an insect on my thigh, thinking that if it has gotten down into my sleeping bag, the chances are it’s still there… I didn’t sleep a lot before we were woken up at 3 am.

Image     Image

Vi kom oss opp og køyrde inn i naturreservatet, og gikk siste vegen opp på ein fjelltopp. No skulle vi sjå dyr, og håpet var både ulv og gaseller. Sjølv om det var litt overskya og disig, kunne vi sjå langt utover. Vi var klare! Viltvaktaren leita fram kikkerten og kikka, og jammen såg han ein ulv! Men på vegen bort til han klarte vi å skremme den, så det var den ulven… Medan viltvaktaren leita vidare, plasserte han oss rett nedanfor toppen på ein plass vi kunne sete i ly for den kalde vinden. Sidan det endå var grytidleg på morgonen, tenkte eg eg iallfall kunne få med meg ein soloppgang der på fjellet. Retningssansen er som kjent fråverande hos meg, så eg spurte meg fint for kva retning aust var, og David peika det ut for meg. Det var ei retning vi hadde strålande utsikt til, så eg var fornøgd! Eg, Ama og Lars-Petter sat der alle forventningsfulle til soloppgangen, og ingen av oss forstod heilt kvar sola vart av – til trass for at det var litt skya. Då viltvaktaren omsider henta oss igjen, reiste David seg opp og proklamerte at sola var oppe, – men peika i motsatt retning. Vi tre andre vart endå meir forvirra, og funderte litt oss i mellom. Det var berre eit spørsmål som skulle til for å oppklare det heile; “Å, sa eg aust? Eg meinte vest!” Jaja, så hadde altså sola stått opp bak ryggen min… Og ulven skremte vi før vi fekk sett den… Såg ingen andre dyr heller. Heldigvis hadde vi veldig fine morgontimar på fjellet likevel, med både nydeleg utsikt, godt selskap, frisk luft, fred og ro, og vi fekk sett diverse andre ting i reservatet.

We got up, drove into the nature reserve, and walked the last part up to a mountain top. Now we were going to look for animals, and we were hoping for both wolves and gazelles. Even though it was a little cloudy and dim, we could still see far. We were ready! The ranger found his binoculars, and he even spotted a wolf! But on our way towards him we scared it… While the ranger kept looking, he placed us at a place right down from the mountain top where we could be sheltered from the cold wind. Since it was still way early in the morning, I thought I might at least see the sunrise from the mountain. Since I don’t have any sense of direction I had to ask which direction was east, and David pointed it out to me. We had great view in that direction, so I was well pleased. Ama, Lars-Petter and I were all expectant for the sunrise, and none of us really understood where the sun was at, even though it was a little cloudy. When the ranger finally told us to come, David rose up and proclaimed the sun had risen – but he pointed in the opposite direction. The three of us got even more confused, and talked amongst us trying to figure this out. It only needed a question, though: “Oh, did I way east? I meant west!” So the sun had risen behind my back… And we scared the wolf away before we even got to see it… We didn’t see any other animals either. Luckily we did have a good time on the mountain early in the morning anyway. Great view, good company, fresh air, peacefulness. And we got to see other things in the reserve as well.

Image     Image

Turen gikk vidare frå Khentii aimag (fylke), ein tur innom Dornod aimag, og til Sukhbaatar aimag. Der møtte vi dei andre frå helseprosjektet, og i løpet av nokre dagar der fekk vi besøkt sjukehus, vore med på møte, sett oss om i byar og tettstadar, opplevd natur og snakka med søte, små jenter. Sukhbaatar aimag har steppelandskap med massevis av eldgamle krater som stikk opp i landskapet. Fascinerande! Mannfolka fekk gått på eit fjell som var heilagt, og som damer ikkje hadde lov å gå på. Det kribla i heile kroppen min etter fleire dagar med mykje køyring, og det var ikkje lett å berre ta ein roleg rusletur med damene i staden. Heldigvis fekk eg lov å gå på det neste fjellet vi køyrde til! Det var det høgste krateret i området, og eg var så glad at vannflaske og alt var gløymt då vi stoppa bilen eit stykke oppe i sida. Då var det berre å få opp døra og kome seg av gårde! Etterpå gikk turen til ei grotte. Opninga var i ei dump i terrenget, og dermed utruleg vanskeleg å sjå. Ikkje rart den var blitt brukt til gøymestad i tidlegare tider. Ei lita opning, eit stykke med godt bøygd rygg, og vips så opna det seg eit stort rom! På vegen heim fekk vi sett massevis av både gaseller, ørner og munkegribb.

The trip continued from Khentii Aimag (county), going through Dornod Aimag on our way, and to Sukhbaatar Aimag. We met the others from the health project there, and during a few days we got to visit hospitals, attend meetings, look around in towns and villages, see the nature and talk with cute, little girls. The landscape in Sukhbbatar Aimag is a mixture of steppe/grassland, and lots of old craters coming up from nowhere. Fascinating! The men got to go on a holy mountain where women were not allowed. After several days with lots of driving my body was aching to go with them, and it was not easy to just go for a slow walk with the women instead. Luckily I was allowed to hike the next mountain we drove to! That was the highest crater in the area, and I was so happy that I forgot everything else, my water bottle included, when we stopped the car on the hillside. I opened the door and off I went! Afterwards the trip continued to a cave. The entrance was in a dump in the terrain, which made it incredibly hard to spot. No wonder they used it for hiding back in the days. A narrow entrance, some meters where you almost had to crawl, and then suddenly a big chamber was there! On our way back home we got to see herds of gazelles, eagles and even vultures.

Image     Image

Mykje natur, men også ein god tur for å bli betre kjent med både utsendingane og våre nasjonale medarbeidarar. Ein herleg gjeng! Og mange ungar med sjarmerande smil på vår veg.

Lots of nature, but also a great trip to get to know better both the other expats and our national co-workers. A great group of people! And lots of kids with charming smiles on our way.

Image     Image

Endelig ut på tur

I det siste har eg vore på nokre jobbrelaterte turar, derav den første til Vest-Mongolia. Eg trur faktisk ikkje eg har ord for kor godt det var å kome seg ut av storbyen! Byjente er nok ein betegnelse som passar relativt dårleg på meg, og det var fantastisk å puste inn den friske lufta då vi gikk ut av flyet i Khovd.

Eg og David skulle på styremøte i Khovd, men først skulle den tre timar lange flyturen by på litt forsinkingar, – i god mongolsk stil. Vi skulle ta fly kl 16 ein laurdag, og reise frå byen kl 14. Rundt kl 12:30 fekk vi telefon om at flyet var forsinka og ikkje skulle gå før kl 6 neste morgon, og vi måtte vere på flyplassen kl 4. Ein av oss var ferdig pakka og klar på dette tidspunktet, og den andre av oss hadde sjølvsagt ikkje begynt pakkinga endå, så kan du sjølv gjette kven som var kven… Etter nokre få timars søvn reiste vi så til flyplassen og var på plass ei stund over 4 på natta. Etter ei stund kom det beskjed om at flyet var utsatt til 8:30. Så vart det utsatt endå litt meir. Det enda med at flyet letta kl 10. Vi stod opp 3:30 på natta berre for å tilbringe seks timar på flyplassen! Det var nokre stille timar, enkelt og greitt grunna trøyttheit.

Men vi kom oss altså etterkvart til Khovd, og eg hadde ei særdeles god veke i vest. Dagane innehaldt bl a lange og interessante styremøte, gode norske middagar (tusen takk, Ingrid og Tarjei!), god prat, bursdagsselskap med typisk norsk/svensk kake og snacks og mange leikar, gåturar og køyreturar i og rundt Khovd, germuseum, godt fellesskap med dei andre utsendingane, bryllup for eit par frå kyrkja… Vi hadde også nokre dagars tur saman med sosialprosjektet til Olgii. Bilturen mellom Khovd og Olgii foregikk stort sett på jordvegar, og det var ein nydeleg køyretur (iallfall for meg som slapp å køyre). Sjeldan har fjell i det fjerne med snø på toppane sett vakrare ut for ein sunnmøring langt vekke heimanfrå. På vegen tilbake stoppa vi ved ein innsjø. Det første som møtte oss var ein brekande geiteflokk med mange kje, og dei både såg og høyrdast nydeleg ut. På vatnet var det små bølger som slo imot land, og eg vart ståande og berre nyte lyden. Eg sakna sjølukta, men lyden var der iallfall. Fred i sjela.

Både Khovd og Olgii er byar med 30.000-40.000 innbyggarar, omgitt av fjell, roleg stemning, inga trafikkork, folk som smiler(!) og gjerne svarar om du har spørsmål, ungar som smiler, vinkar og ropar “hello!”, kyr som vandrar fredfullt rundt i gatene… I det heile temmeleg annleis enn UB. I tillegg er det i Khovd ein fin gjeng med utsendingar, og det var veldig kjekt å få litt kvalitetstid saman.

Andre ting som kan nemnast er at eg har erfart eg må øve meir på å kaste flyndre, for forsøka mine var på langt nær imponerande. Det viste seg vi vaksne frå UB var mykje meir interesserte i å pusle puslespel enn ungane som ville vise det fram. Eg har også lært offside-regelen i hockey, og hugsar den nesten endå. Eit fint hotellrom, som siste morgonen kunne tilby dobbel dusj med drypping frå minst sju plassar i taket, kan også nemnast. Eg kjenner eg blir glad og avslappa berre ved å tenke tilbake på den veka, og det trur eg trygt kan tolkast til at eg hadde det fint.

ImageImageImageImageP1010247

Taxi-livet i UB

Her i Ulaanbaatar finst det faktisk taxiar. Faktisk, fordi det ikkje er mange av dei og eg forstår ikkje korleis dei klarer seg utan å gå konkurs. Det gjeld for det som vi nordmenn kallar taxi, slike med skilt på taket. I grunnen er her massevis av taxiar! Alle bilar fungerar som taxi, og for tida kostar det 800 tugrug (ca 3 kr) per kilometer. Du kan stille deg opp på fortauet eller ved ein innkjørsel, så rekker du litt ut arma, og ikkje lenge etter er det garantert ein bil som stoppar og kan ta deg på. Veldig enkelt og greitt! Dei med store, fine bilar stoppar aldri, – dei har sikkert nok pengar. Men i løpet av dei ti første bilane er det vanlegvis ein som stoppar og kan køyre deg dit du skal.

Eg brukar å ta taxi på søndagar når eg skal i kyrkja, og av og til ellers når eg skal noko på kveldstid eller i helgene. Dette gir mulegheita til å møte ulike folk og få brukt det minimale eg kan av språk. Ein del taxisjåførar pratar lite, og eg veit ikkje heilt korleis ein skal starte ein småprat på mongolsk, så då set eg i stillheit. Men der er heldigvis også ein del som gjerne vil prate, og som viser stort tolmod med ein utlending som treng enkle ord og mykje kroppsspråk for å forstå. Eg er så takknemleg for dei, og humøret mitt stig kvar gong!

Dagens er nok den som har gjort størst inntrykk så langt. Han heitte Batsukh, var litt gammal (sikkert minst like gammal som pappa), og skravla villeg i veg om mykje eg ikkje forstod, og litt eg forstod. Vi prata litt, og han lurte på kva type arbeid eg skal gjere. Eg veit ikkje ordet for sosialt arbeid på mongolsk, og veit heller ikkje korleis eg skal forklare det på anna vis. Eg står fast kvar bidige gong eg får dette spørsmålet. Heldigvis kunne han hjelpe meg, og lurte på om det var arbeid med Gud og Jesus? – Ja, det er Jesus-arbeid! Taxi-sjåføren min prata så vidare om at Gud er ein god Gud, og at kristne er gode folk. Han sa han kunne nokre songar om Gud, så eg lurte på kva songar. Då han hadde tenkt seg litt om sette han i gong å synge, og eit godt stykke vidare på turen var bilen fylt av sjåføren sin lovsang til Gud. Han kunne fleire songar som vi syng i kyrkja, og flink å synge var han også.

Batsukh fortalde meg at han ikkje går i kyrkja no. No er han ein dårleg person, sa han, og drikk airag (gjæra hestemjølk). Han sa noko om meg og å be, og eg trur han spurde om eg kan be for han. Om eg misforstod det han sa, så var det iallfall ikkje det verste eg kunne mistolka det til. Bli gjerne med meg og be for dagens gledesspreiar, Batsukh!

Gledeleg påske!

Det er påskedag, og sidan det er påske og mykje som skulle skje begynte gudstenesta i dag kl 9:00 i staden for 9:30. Det vil i realiteten seie at den begynte kl 9:35 i staden for 9:50. Eg er ikkje kjent for å vere tidleg ute om det ikkje er krise, så eg kom rett før det begynte. Sunnmørshalvtimen passar ofte fint her.

I dag i kyrkja gjorde eg nokre oppdagelsar som gav meg glede undervegs, så eg tenkte eg ville dele dei her. Den eine var knytt til at det var nattverd. Ikkje så revolusjonerande tankar, men det gjorde godt å bli mint på dei. I nattverden får vi eit synleg bevis på tilgjeving for syndene. Jesus sa: “Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne.” (Matt 26,28). I påska feirar vi at Jesus døydde for syndene våre. Nattverd har vi også for å minnast Jesus: “Gjer dette til minne om meg!” (1. Kor 11.24). I dag minnast vi at Jesus stod opp igjen. Tenk så utruleg flott at vi ikkje minnast ein død mann, men ein levande frelsar! 

Den andre oppdagelsen var knytt til at det var dåp. Først litt bakgrunn: Onsdag hadde vi engelskklubb, som vi har kvar onsdag. Engelskklubben er på kontoret, og det er både ungdomar og unge vaksne frå kyrkja og utanfrå som kjem. Der lærer vi litt grammatikk og har fokus på å prate engelsk saman. Ein av dei som også var der denne onsdagen er ein stille og roleg gut som seier lite og gjer lite utav seg. Han er på nybegynnargruppa og kan svært lite engelsk. Seinare på kvelden skreiv eg med ei mongolsk venninne på Facebook. Ho fortalde mellom anna han hadde vore med på nokre seminar i kyrkja nettopp. “Først kom han på engelskklubben, så kom han i kyrkja. Dette er målet med engelskklubben!” skreiv ho. Ho har heilt rett. Det er jo det vi aller helst håper skal skje, og eg gleda meg veldig over å høyre om dette frå ho! Gleda vart slett ikkje mindre i dag. Det vart opplyst om at det skulle vere fem dåp i kyrkja, og sidan ingen av dei var babyar i dag gikk alle fem fram sjølv. Han sat rett framfor oss, og så reiste han seg jammen opp og var blant dei som skulle døypast! Då var vi to utlendingar som såg på kvarandre med eit smil. Kjente eg var temmeleg rørt då han vart døypt i namnet til Far, Guds Son Jesus Kristus og Den heilage ande. “Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv.” (Rom 6,3-4). Der var det igjen. Eit nært band mellom det vi gjer no og det som skjedde den påska for rundt 2000 år sidan. 

Denne påskedagen er eg utruleg takknemleg for at Jesus kom for å døy for nettopp mine synder og at han stod opp igjen så eg også kan få evig liv! Så er eg takknemleg for at dette ikkje berre gjeld meg, men alle i heile verda som trur på han! Og i dag er eg også ekstra takknemleg for at han gav oss nattverden og dåpen, og spesielt glad for han eine av dei som fekk oppleve dette på sjølvaste påskemorgon 2014.